oss3.jpg

Det var på seinhausten i 2008 at me 3 - Guri, Irene og Ragne, bestemte oss for å saman starta Den grøne butikken. Sidan me har ulik bakgrunn hadde me ulik erfaring å ta med inn i samarbeidet; Irene landbruksbakgrunn, Ragne underviser på friluftslinja på Voss Jordbruksskule og har god kontakt med ekstremsportmiljøet på Voss og Guri har bakgrunn frå reiselivet (destinasjonsutvikling, bygdeturisme) og frå Vossameny. 

Med utgangspunkt i butikken som var på Jordbruksskulen, omgjevnadene ved Lundarvatnet, drivhusa og  "naboane" våre Inn på Tunet og Voss Jordbruksskule, såg me at dette var heilt rett plassering for ein butikk med lokal mat. Vi bestemte oss for å utvida varesortementet i tillegg til det som Voss Jordbruksskule tilbyr, og kontakta ulike småskalaprodusentar i Hordaland og Sogn og Fjordane.  Me har i samband med dette vore rundt og helst på fleire produsentar og fått smake kjempegode varer. Mange av desse vil du finna i butikken vår.

Me vil også at Den grøne butikken skal væra noko meir enn berre ein butikk. Den grøne butikken ligg fint til ved Lundarvatnet og kan bli ein naturleg stoppestad for turgåarar som vil gå runden rundt vatnet. Me har difor laga eit lite kafehjørne i butikken der ein kan setta seg ned, få kjøpa nytrekt te og kaffi, saft og noko å bita i. I kafehjørnet vil du også finna eit mini-bibliotek med bøker og magasin.

Me har lagt opp til eit tett samarbeid med elevverksemdene på Voss Jordbruksskule. Blant anna arrangerer dei riding og klatring for born kvar laurdag i tidsrommet 11-13. Billettar kjøper du i butikken. Me sel også ved og fotokunst som elevane har produsert. Nokre helger i året vil me, aleine eller saman med elevane på friluftslinja, arrangera aktiviteter på området rundt butikken. Dette vil bli annonsert via nettsider og facebook. Dersom du ynskjer å motta informasjon frå oss, send oss ei melding om dette!

Det er Irene Granli som er dagleg leiar for Den grøne butikken, men du vil finna oss alle i og rundt butikken etter tur på våre opningsdagar;

TORSDAG (13-19), FREDAG (13-19) og LAURDAG (11-16)

Vekommen innom!