Økologisk mat
Økologisk mat blir produsert mest mogeleg i tråd med naturens eigne premissar, og på ein måte som tek omsyn til dyra sitt naturlege adferdsmønster og behov. I Noreg er det organisasjonen Debio som kontrollerer at alle produkt som er Ø-merka er produsert i samsvar med regelverk for økologisk produksjon.
Kva er økologisk produksjon?
Økologisk produksjon byggjer på eit heilskapleg syn som omfattar økologiske, økonomiske og sosiale sider ved landbruksproduksjonen, i lokalt og globalt perspektiv.
I økologisk landbruk ser ein på naturen som ein heilskap der mennesket er ein naturleg del. Økologisk landbruk byggjer på prinsipp om helse, økologi, rettferd og varsemd. Bruk av lokale og fornybare ressursar er viktige element i utvikling av eit berekraftig landbruk.
Viktige mål for økologisk produksjon:
Å produsera matvarer:
1. med høg kvalitet, i tilstrekkelege mengder og med rett fordeling
2. som bidreg til å forvalta naturressursane slik at ein unngår skadelege verknader på miljøet
3. som sikrar genetisk mangfald, artsrikdom og resirkulering av næringsstoff
4. som skaper eit miljø som tek omsyn til husdyr sine naturlege adferdsmønster og behov.
Kva er økologisk mat?
Produkt frå økologisk produksjon kan omsetjast som økologiske og merkast med Ø-merke. Ø-merket garanterer for produksjonsmåten, men ikkje for eit bestemt næringsinnhald i produkta.
Reglane for økologisk landbruksproduksjon kjem i tillegg til reglar for gjeld for landbruksproduksjon generelt.
Viktige føresetnader for at produkt kan kallas økologisk
Mat frå økologisk jord- og hagebruk er framstilt med bruk av naturleg (organisk ) gjødsel, og utan bruk av kjemiske /syntetiske plantevernmidlar
Økologisk kjøtt, mjølk og egg kjem frå dyr som har høve til å bevega seg ute, også utanom beitesesong. Dei får økologisk fôr og kalvar for dia mor si minimum tre dagar etter fødsel.
Økologisk dyrehald handlar om velferd. God dyrevelferd og god dyrehelse er ei n viktig målsetning innanfor økologisk landbruk. Skilnaden mellom økologisk og konvensjonelt dyrehald ligg blant anna i oppstallingsforhold, lufting, fôrmiddel, og behandling av sjukdom.
Ei utfordring i samband med å vurdera dyrevelferd, er at det finnest mange ulike tilnærmingar og meiningar om kva som er bra og kva som er mindre bra. Av denne grunn bidreg Debio til utviklinga av sjekklister for måling av velferd i ulike husdyrproduksjonar.
I økologisk landbruk skal bygningane gje dyra tilgang på dagslys og det blir stilt strengare krav til storleik på innandørsareal. Minimum halvparten av areal i binge og bås skal vera tett, med unntak for sau. Husdyrrommet skal ha ein god, rein og tørr liggeplass med tilstrekkeleg mengde strø.
Å binda dyr er i utgangspunktet ikkje tillete i økologisk produksjon. Larnbruksdepartementet har gjeve mjølkekubesetningar med færre enn 35 kyr unntak frå dette pålegget. Mjølkekyr kan stå på bunde på bås, med føresetnad om at dei får komme ut jamnleg og bevega seg fritt, også utanom beitesesongen. I beiteperioden skal alle planteetardyr gå på område med gode moglegheiter for beiting. Fjørfe og svin skal ha tilgang til utandørs lufteområde året rundt.
Husdyr skal oppdrettas med økologisk for, hovudsakleg frå eigen gard. Alle pattedyr skal fôrast opp med naturleg mjølk i ein fastsett periode etter fødsel. Førebyggande tiltak står sentralt i økologisk husdyrhald.
Økologiske produkt er framstilt utan bruk av kunstige aroma- og fargestoff, og med strenge restriksjonar på bruk av konserveringsmiddel.
All bruk av GMO (genmodifisert organisme) er forbode.
