Produkt frå Nøring i Øystese
Sjå etter dei store smaksopplevingane frå Hardanger på krukker og glas frå Nøring. Ein frisk og naturleg smak utan bruk av kunstige konserveringsmidlar
![]() |
Dessertplommer frå Hardanger Plommedyrking i Hardanger har lange tradisjonar som kan førast tilbake til 11 - 1200-talet. Dyrkinga av plommer har vore ein del av produksjonen på gardane i området. Lang erfaring sikrar at plommene Nøring brukar er av god kvalitet. Nøring bruker plommer med ulik farge og storleik. Dei mest brukte er Early Rivers (Blåplommer), Opal og Mallard. Dei ulike sortane gir ulik smaksoppleving, men kan gjerne blandast. Tradisjonell plommedessert: Server Dessertplommene med vispa krem og litt mandelstrø. Pris: 535ml: 65,- Pris: 1062ml: 100,- |
![]() |
Ripsgele
Ripsgeleen vår er kokt med ekte vaniljestang. Den har ein frisk og naturleg smak. Prøv den saman med vafler og rømme! Høver òg godt saman med kjøt. Me bruker ikkje kunstig pektin, difor bør glaset handsamast varsamt. Pris: 220ml: 49,- |
![]() |
Rognebærgele
Rognebærgeleen frå Nøring inneheld berre rognebærsaft og sukker. Ei smakskraftig oppleving! Uunnverleg til viltmiddagen. Rognebæra vert henta i Hardanger. På grunn av at me ikkje bruker kunstig pektin, bør glaset handsamast varsamt. Pris: 120ml: 45,- |
![]() |
RamsløkSmak på vikingane sin kvitløk! Ramsløk frå Nøring er laga av vill og frisk ramsløk frå Hardanger. Den blir plukka i stupbratte fjellsider med utsikt over fjord og fjell. Ramsløken blir handsama med varsemd slik at aroma og innhaldsstoff ikkje blir øydelagde. Den er blanda med økologisk solsikkeolje og havsalt. Slik kan ein på tross av kort haustetid nyta frisk Ramsløk heile året. Ramsløk har dei beste av kvitløken sine eigenskapar. I folkehelsa er Ramsløk kjent som blodrensande, kolestreolsenkande og som ein sterk antioksidant Pris: 55ml: 49,- Pris: 110ml: 79,-
|
|
Moltesyltetøy Pris: 120ml: 40,- Pris: 220ml: 60,- |
|
Pærechutney Friskt og pikant tilbehør til ost, Pris: 49,- Plommechutney Glimrande tilbehør til middagsrettar, Pris: 49,- |
Ulvik frukt & cideri
|
Eplejuice frå Gravenstein, Aroma, Karen Schneider og James Grieve Produktet vart fylkesvinnar 2009 i sin klasse av prisen "Det norske måltid" i regi av av "Jakten på smaken av Norge" O,35 l: 35,- 0,75 l: 50,- |
Hardanger saft og siderfabrikk frå Ulvik
HARDANGER SAFT- OG SIDERFABRIKK ligg inst inne i Hardangerfjorden på fruktgarden Lekve i Ulvik. Lekve gard har vore ein tradisjonell fruktgard med eple, plomme og morelldyrking.
Frå 2004 har produksjon av saft og sider vorte ein svært viktig del av drifta på garden
![]() |
3-liter kartong med eplemost Pris per kartong: 129,-
|
Syse gard i Ulvik
Syse Gard er ein typisk vestlandsgard. Den ligg i sørhellinga nord for Ulvikpollen ,Ulvik i Hardanger, og er såleis godt eigna til å dyrke frukt. Dei tidlegare generasjonar sitt arbeid gjer at me i dag framleis kan drive gardsbruk på Syse. Me har ein levande gard med fleire generasjonar buande på garden, der alle prøver å hjelpe til når det trengs. Me på Syse Gard ynskjer å kunne nytte ut, og til dels foredle produkta me har på garden for å tilby dei til deg. Kortreist mat, gamle tradisjonar og personleg servise får du hjå oss.
![]() |
I den grøne butikken tilbyr me no Mallard plommer Plommesyltetøy: 50,- Hermetiske plommer: 535ml: 65,-, 850ml: 95,- | |||||||
![]() |
I den grøne butikken tilbyr me no Raud prins og Discovery eple Eplemos: 60,-
|







