Bøker frå Skald forlag

www.skald.no

vestlandsreisa.jpg

Boka Vestlandsreisa – Greetings from the fjords tek deg med på ei vestlandsreise på slutten av 1800-talet. Her er samla 80 klassiske turistmotiv frå landsdelen – frå Hardanger i sør til Romsdalen i nord. Bileta er typiske for si tid, og motiva frå kvardagsliv, byliv, landskap og arkitektur fall i smak hjå dei reisande.


 

det_norske_skieventyret.jpg

Kristian Finborud

Det norske skieventyret

Hvem har ikke forbannet seg over fiskebein og bakglatte ski? Hvor mange ganger har man ikke irritert seg over den supersportslige familien i nabohytta? Og hvilke øyeblikk husker man best fra første skituren til minstemann?

aurlandsdalen.jpg

Per Olaf Breifjell, Oddmund Lunde, Hans H. Thyri

Aurlandsdalen

Forfattaren Hans H. Thyri tek oss med på ei kulturhistorisk vandring gjennom storslagen natur – frå Vidda og ned Aurlandsdalen – forbi
regulerte fjellvatn, stølar, gamle gardsbruk og ned til Vassbygdi og Aurlandsvangen.

voss.jpg

Nils Kvamsdal, Kjell Herheim

Voss

Ei praktbok om bygda Voss sett gjennom fotograf Kjell Herheim sine bilete. Bileta fortel om nærare 60 år med folk og situasjonar – ei bok som vil gleda og mora mange!

rallarve.jpg

Boka «Rallarvegen – geologi og landformer» er utgitt i samarbeid med NGU (Norges geologiske undersøkelser). Det er ei lettlest fagbok om korleis is, vatn og stein har skapt landskapet rundt den 122 km lange anleggsvegen.
Å sykle Rallarvegen er som å sitte i ei tidsmaskin. I den eine retninga kan du sjå landskapet som isen har skapt for over tusen millionar år sidan, og snur du deg ser du ein bratt vegskråning der vegen raste ut i fjor. Dei geologiske prosessane stoggar aldri.
Det er mykje ein kan observere frå sykkelsetet medan ein trillar nedover den ville og dramatiske Flåmsdalen. Men dei færraste veit at dei kan ete nista si inni ei diger jettegryte. Rasteplassen ligg inni jettegryta som vart til for over 20 000 år sidan. Dei fleste syklistane susar forbi denne rasteplassen.
Frå Berekvam er det berre 11 km til Flåm stasjon og sjølve sykkelturen, med nedoverbakke og jevnt underlag, passa for alle. Den tøffaste utfordringa var å halde på bremsene ned gjennom heile dalen. Og då var det jo fint å stoppe opp nokre gonger for å sjå med nye auge på naturen rundt Noregs mest kjende sykkelveg.

ekstremt_naturleg.jpg

Folk strøymer til bakkane og bøane rundt bygda, til butikkane, til utestadene, til hyttene – dei kjem med buss, bil og tog frå utland og innland til ei av dei finaste bygdene på Vestlandet og til den sprekaste festivalen i heile Noreg!
Ekstremsportveko er stolte av å vera ambassadør for eit levande kultur-, sport- og folkeliv på Vestlandet.
Boka fortel om 10 år med våghalsar, elleville stunt og eksotisk mat med naturen som ramme rundt det heile. Boka er spekka med flotte bilete av hendingar, utøvarar, folk, musikarar og Vossamat.

Kari Opedal

              

Urte og stauder

Til både pryd og nytte

Pris: 250,-