Kalkun frå Homlagarden i Norheimsund

www.homlagarden.no

"I Homlagarden beitar fuglane fritt heile sumaren. Kvar morgon flakser hundrevis av kalkun ned mot frukttre og grøne bakkar. Dei meskar seg i natureng med blomar og frodig gras, ville bær og urteplanter. Naskar til seg litt eple og plomme i ny og ne. Snappar insekt i skogbrynet, jordbadar, og lever glade dagar i det fri. På ettermiddagen vandrar dei heim til kveldsmat og kvile. I kalkunhuset er dei godt verna mot uvær og rovdyr.
Etter ein sesong i bakkene på Homlagarden har dei vakse seg store og sterke med kjøtfylde av finaste kvalitet.
Slakting og kjøthandteringa vert utført i eige godkjend slakteri. Avlivinga vert utført heilt utan stress. Me får lovord om den gode kjøtkvalliten. Dette er me stolte å av og gjer vårt beste for å levera økolgiske varer med høg kvalitet.
Me føler oss viss på at du kan kjenne på smaken kor godt kalkunen har hatt det." (frå nettsidene til Homlagarden)

Kjøttdeig

Kalkunkjøttdigen er reint kalkunkjøt kverna gjennom 3,5 mm holskive.Der er ikkje blanda vatn eller  feit.
Deigen vert levert som frosen vare i ca. 500 gram vacumert pose.
Kalkunkjøttdeig kan nyttast som all annan kjøttdeig.  Bruk rikeleg med fett i panna under steiking.
Pris per kg: 140,-

Halsar/ Suppekjøt

Flådde kalkunhalsar er den beste råvare for kalkunsuppe og kraft. Halsane er frå stor kalkun og veg kvar for seg kring 0,6 kilo. Vert levert som frysevare med 5 - 6 halsar i kvar 2,5 kg vakuumpose

Pris per kg: 60,-

 

Wok - Strimla kjøt av filet

Dette er filètbitar frå brystfilèt levert som frysevare i 1/2 kg poser.
Kjøtet er ypperlleg til smårettar i gryte, wokk- eller steikepanne

Pris per kg: 315,-

 

Lårsteik - øvre lår

Dette er steik frå øvre del av lår på stor kalkun som slakta ved 6 mnd. alder. Dei har då slaktevekter mellom 9 og 14 kg. Lårsteiken har møyrt mørkt kjøt med nydelege smak. Av mange rekna som det beste kjøtet på kalkunen

Pris per kg: 260,-

 

Lårskiver - Kotelett

Dette er skiver kutta av øvre lårsteik og kan brukast som vanleg kotelett.

Pris per kg: 175,-

 

Vinge med sidekjøt

Dette er kjøt med bein frå frå  øvre venge og skulderparti på stor kalkun slakta ved 6 mnd. alder og med slaktevekter mellom 9 og 14 kg. Stykka veg frå o.5 til 1.5 kg. Øvre venge med sidekjøt  eignar seg til grilling og steiking så vel som til kokte rettar. Kjøtet kan og skjerast frå beinet og nyttast som småkjøt. 
Pris per kg: 115,-

 

Egg frå Voss Jordbruksskule

http://voj.hfk.no

Egg.jpg

Egg

6-pakning: 14,-

10-pakning: 23,-

Brett- 30 stk: 60,-